Frist for å gjere endringar i søknaden om produksjonstilskot og avløysartilskot

Hugs at de har høve til å gjere endringar i søknaden fram til 29. januar. Dette gjeld sanka sau/lam frå utmarksbeite og avløysarutgifter. Mange av dykk har att betydelege beløp som de kan få refundert.  

Auka ramme for tilskot etter landbruksplan

Det har vore stor aktivitet og investeringslyst i landbruket i Tokke dei siste åra og dette har blitt lagt merke til! Det vart derfor ved sist kommunestyre vedteke å auke ramma for tilskot etter landbruksplan for 2021 til kr. 900 000 for å imøtekome årets søknadar og utbetalingar. Det vart også vedteke å auke den årlege ramma framover opp til kr 800 000 frå 2022J Dette er svært positivt for landbruket i Tokke og eg håpar de tek kontakt dersom de har planar om investeringar, nydyrking og drenering!

Fishspot

Fishspot er ei salsside for fiskevatn av høgare kvalitet. Her blir det også lagt inn pakker med overnatting og evnt. servering. Om nokon har slike produkt dei ynskjer å få profilert ta kontakt med skog- og utmarksrådgjevar. Fishspot er eigd av inatur.no. Kommunen har abonnement hjå inatur.no, her kan det leggast ut sal av ordinære fiskekort. Har du småviltjakt du ynskjer å leige ut er dette også mogeleg gjennom kommunens side på inatur.no.

Vindfall

Spesielt vestre del av kommunen blei hardt råka av stormen i november. Mykje av skogen som er råka ligg slik til at det er vanskeleg å få det ut. Med barkebilleoppblomstringa som har vore dei seiste åra er det grunn til bekymring dersom vi får ein tørr og varm forsommar i 2022. Skogeigerar blir oppfordra til å halde eit auge med skogen for å sjå om det plutseleg er område som tørkar. Dette kan vere teikn på barkebilleangrep. Ta kontakt med skog- og utmarksrådgjevar om du ser skogskader.

Du kan også lese meir her: Stormfelt skog - Landbruksdirektoratet

Tømmerdrift – tilskot til motormanuell hogst

Tokke kommune gjev 100,- kroner pr m3  til motormanuell hogst for tømmer avverka i 2022. Totalramme er 100 000,- kroner. Tilskotet gjeld salskvantum av grån og furu som kan dokumenterast av tømmeroppgjer frå AT skog eller tilsvarande kanalar. Søknad med kopi av tømmeroppgjer sendast kommunen seinast 6 månadar etter motteke tømmeroppgjer. Tilskotet vert tildela etter prinsippet «fyrstemann  til mølla».

Elles ynskjer vi dykk ei rektig god jol og ein fin start på 2022.

Helsing Gunnhild og Per.