Tokke kommune har ledig utstillingslokale på Dalen Bryggjeutstilling for sommaren 2021.

Me vil gjerne at lokalet nyttast til utstilling av kunst og/eller brukskunst/handverk, gjerne frå lokale kunstnarar og aktørar. De delar lokalet med Vest-Telemark Museum.

Tokke kommune tek ikkje husleige eller provisjon av evt. sal, me syter for forsikring, tilsetjing og oppfølging av sommarvertar i skuleferie (juni-august) og hjelper med marknadsføring.

Er dette noko for deg, send inn ein kort søknad og konseptskisse på kva DU vil fylle lokalet med innan 1. mars til postmottak@tokke.kommune.no

Har du spørsmål, ta kontakt med reiselivskonsulent Synne Aasland synne.aasland@tokke.kommune.no eller tlf. 99246647