Private eller offentlege verksemder i Tokke kan søkje om lønstilskot til sommararbeid for skuleungdom busett i Tokke som er frå fylte 14 år til og med 25 år i kalenderåret. Heileigde kommunale selskap treng ikkje ha tilhald i Tokke.

 

Vilkår:

  1. Verksemder søkjer kommunen om lønstilskot for namngjevne personar før 20. mai. Det kan godkjennast inntil 150 timar for kvar arbeidstakar for arbeid i perioden juni, juli og august. Kommunedirektøren godkjenner søknadane innanfor avsette midlar i budsjettet.
  2. Tilskot inntil 50 % av utbetalt timeløn, maks kr 70,- pr. time, for arbeidstakarar frå fylte 14 år til 25 år. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon, siste frist for innsending av dokumentasjon er 15. september. Det skal også dokumenterast at arbeidsgjevaravgift og eventuelt skattetrekk er innbetalt.
  3. Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar.
  4. Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane.
  5. Brot på arbeidsavtala kan føre til inndraging av løyvd tilskot.
  6. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til lag og organisasjonar.
  7. Arbeidsgjevar må avklare med arbeidstakar om vedkomande skal arbeide for annan arbeidsgjevar i tillegg. Der dette er aktuelt må arbeidsgjevarane bli samde om fordeling av 150 timar.
  8. Kvar verksemd kan få tilskot til maksimalt 3 arbeidstakarar.

Tilskotet er 50 % av utbetalt løn, maks. kr 70,- per time, for skuleungdom frå Tokke frå fylte 14 år til 25 år. Timeløn fyllast ut i vedlagt arbeidsavtale. Det er høve til å dele på rolla som arbeidsgjevar innanfor ramma på 150 t. Dette må kome fram av søknaden. Lærlingar kjem ikkje inn under ordninga.

Her finn du søknadsskjema og arbeidsavtale som skal nyttast

Søknad sendast til: postmottak@tokke.kommune.no eller leverast/sendast til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen.

Spørsmål kan rettast til Åse Ingebjørg Flateland, epost: aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no eller tlf. 91 72 13 65.