Tokke kommune innførar lønstilskot til verksemder som tilbyr sommararbeid til skuleungdom sommaren 2022. 

  • Private eller offentlege verksemder i Tokke kan søkje om lønstilskot til sommararbeid for skuleungdom. Arbeidstakar må vere folkeregistrert i Tokke og vere mellom 16 og 23 år i kalenderåret.
  • Heileigde kommunale selskap treng ikkje ha tilhald i Tokke.
  • Verksemder søkjer kommunen om lønstilskot for namngjevne personar før 15. juni. Det kan godkjennast inntil 150 timar for kvar arbeidstakar for arbeid i perioden juni, juli og august. Kommunedirektøren godkjenner søknadane innanfor avsette midlar i budsjettet.
  • Tilskot inntil 50 % av utbetalt timeløn, maks kr 60,- pr. time, for arbeidstakarar mellom 16 og 23 år. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon, siste frist for innsending av dokumentasjon er 15. september. Det skal også dokumenterast at arbeidsgjevaravgift og eventuelt skattetrekk er innbetalt.
  • Kvar verksemd kan få tilskot til maksimalt 3 arbeidstakarar.
  • Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar.
  • Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane.
  • Brot på arbeidsavtala kan føre til inndraging av løyvd tilskot.
  • Det blir ikkje gjeve lønstilskot til lag og organisasjonar.
  • Arbeidsgjevar må avklare med arbeidstakar om vedkomande skal arbeide for annan arbeidsgjevar i tillegg. Der det er aktuelt må arbeidsgjevarane bli samde om fordeling av 150 timar.

Søknadsfrist: 15. juni 2022

Søknadskjema finn de her

Søknad sendast til: postmottak@tokke.kommune.no

 

Dersom de har spørsmål kan de kontakte Åse Ingebjørg Flateland, aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no mobil 917 21365