• Private eller offentlege verksemder i Tokke kan søkje om lønstilskot til sommararbeid for skuleungdom frå Tokke frå fylte 14 år til 25 år i kalenderåret. 
  • Heileigde kommunale selskap treng ikkje ha tilhald i Tokke. 
  • Verksemder søkjer kommunen om lønstilskot for namngjevne personar før 20. mai. Det kan godkjennast inntil 150 timar for kvar arbeidstakar for arbeid i perioden juni, juli og august. Kommunedirektøren godkjenner søknadane innanfor avsette midlar i budsjettet. 
  • Tilskot inntil 50 % av utbetalt timeløn, maks kr 70,- pr. time, for arbeidstakarar frå fylte 14 år til 25 år. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon, siste frist for innsending av dokumentasjon er 15. september. Det skal også dokumenterast at arbeidsgjevaravgift og eventuelt skattetrekk er innbetalt. 
  • Kvar verksemd kan få tilskot til maksimalt 3 arbeidstakarar. 
  • Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar. 
  • Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane. 
  • Brot på arbeidsavtala kan føre til inndraging av løyvd tilskot. 
  • Det blir ikkje gjeve lønstilskot til lag og organisasjonar. 
  • Arbeidsgjevar må avklare med arbeidstakar om vedkomande skal arbeide for annan arbeidsgjevar i tillegg. Der det er aktuelt må arbeidsgjevarane bli samde om fordeling av 150 timar.

 

Søknadsfrist: 20. mai 2024

Søknadsskjema finn du her

Skjemaet kan du sende på epost til: postmottak@tokke.kommune.no eller til postadresse: Storvegen 60 3880 Dalen.

 

Dersom dykk har spørsmål kan dykk kontakte Åse Ingebjørg Flateland på epost: aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no eller telefon 91 72 13 65