Dette er ei større omlegging, og difor må biblioteket halde stengt i perioden med konvertering og implementering.

Tokke bibliotek (hovudbibliotek og filial i Høydalsmo) må difor lukke heilt frå og med torsdag 14. september til og med måndag 25. september.

 

Me beklagar stenging, men dette er naudsynt for å kunne sikre eit oppdatert og velfungerande bibliotek i åra framover. Det nye systemet vil gjere det endå enklare å bruke nettbaserte tilbod, også via mobil.

Du kan kontakte biblioteket på telefon eller e-post i perioden 14.09 - 25.09, men me vil ha sterkt reduserte moglegheiter til å yte reine bibliotektenester.