27.mai kom det nye råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Dei ber kommunane om å lette på besøksrestriksjonane ved sjukeheimar og omsorgsinstitusjonar, og samstundes ivareta personar som er særleg sårbare, andre pasientar/ bebuarar, pårørande og tilsette.

Pandemien er ikkje over og me må vere førebudde på at det kan kome nye smittebølger. Me som har ansvar for omsorgstenestene ber difor om: 

 

  • Alle besøk avtalast via telefon på førehand.

Skjerma avdeling: 35075588

Korttidsavdeling : 35075583

Langtidsavdeling: 35075583

Omsorgssenter: 35075524

  • Besøkande må vere friske og ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon
  • Besøkande må halde ein meter avstand både ved besøk ute og eventuelt inne.
  • Alle besøkande må sprite seg når dei kjem, og ikkje ta på noko.
  • I noverande situasjon kan besøk vera mogleg på bebuaren sitt eige rom, men besøk bør fortrinnsvis vere i uteareal.
  • Ved besøk inne på bebuaren sitt rom skal det ikkje vere fleire enn 2 besøkande i gongen. Dette på grunn av retningslinjer om avstand.
  • Ved besøk ute er det ingen grense på antall, men alle må fylgje generelle smittevernreglar.
  • Besøkande skal ikkje vere i fellesareal inne på institusjon.
  • Avlastningspasientar får ikkje ha besøk. Dette på grunn av at langtidsbebuarar blir prioritert då dei er meir isolerte i denne tida.
  • Dersom besøkande har med seg noko til bebuar, må dette gjevast til ansatte slik at bebuar kan få dette seinare.
  • Me fører besøksprotokoll i tilfelle det vert naudsynt med smittesporing i etterkant.

 

Velkomen!

Tokke helsesenter

Ragna Iren Grave, avdelingsleiar institusjon

Silje Andrea Kyrkjebø, avdelingsleiar heimetenesta

Lars Håvard Eriksen, smittevernlege