eFaktura blir enklare!

No treng du ikkje lenger inngå eFaktura-avtale for kvar leverandør. Vel «ja takk til alle» i nettbanken din. Då vil du få efaktura frå alle som tilbyr det.

eFaktura gjer at du enkelt får rekningane for kjøp av varer og tenester frå bedrifter, dersom du har takka «Ja takk til alle» på ei betalingsflate som tilbyr eFaktura.
Du mottek eFaktura enten i nettbank, Vipps eller mobilbank, og dei må godkjennast eller slettast der.

eFaktura frå Tokke kommune:

Etter 15. mai er det ikkje lenger mogleg å ha eFaktura-avtale oppretta med kundenummer - gamle avtaler blir sletta. Ynskjer du efaktura framover må du huke av for "ja takk til alle"!

Me oppmodar alle til å velje eFaktura! Då unngår de feil ved betaling, og færre papirfakturaer. 


Les meir om den nye eFaktura-tenesta på efaktura.no