Knut Erik Paulsen frå Valle er tilsett i 80% stilling som arealplanleggar i Tokke kommune. Han tek til i stillinga 1. juni. Knut Erik er utdanna jordskiftekandidat med mastergrad i planfag frå Ås. Han har lang erfaring frå kommunal verksemd m.a. frå Valle og Bykle, innan arealplanlegging og GIS/ digitale kartverktøy. Stillinga som arealplanleggar i Tokke skal ha hovudfokus på arbeid med nye reguleringsplanar for m.a. bustadtomter på Dalen, Høydalsmo og Åmdals Verk, og arbeid med revidering av kommuneplanen sin arealdel.

Me ynskjer Knut Erik velkomen til Tokke kommune og ser fram til å ha deg med på laget i PNT – etaten!