Det kjem stadig til nye smitta etter selskap 1. og 2.joledag, og per 3.januar er det registrert 32 smitta.
Nesten 100 % av deltakarane vart smitta, men ikkje alle desse 32 deltok i selskapa - også fleire nærkontakter av dei som deltok har vorte smitta i ettertid.
22 av dei smitta er stadfesta smitta av omikronvarianten, og ein ventar at det vil gjelde alle som vart smitta.
Talet på nærkontaktar i karantene er no redusert som fylgje av at dei anten har testa positivt og er isolert, eller har testa seg ut av karantene med negativ test på dag 7.

Kommunen meiner at det framleis er god kontroll på smitteutbrotet, og det er så langt ein kjenner til ingen villsmitte i kommunen.

Det er særleg 3 faktorar som saman har gjort at dette utbrotet – som hadde stort potensiale til smittespreiing, kom under kontroll:

  • Rask reaksjon frå smittesporingsteamet i kommunen(e) - ein fekk sett aktuelle nærkontakter i karantene raskt
  • Godt samarbeid mellom kommunane i regionen
  • Lojal og god etterleving av isolasjons- og karantenereglane frå dei smitta og nærkontakter

Utbrotet er ikkje lukka frå kommuneoverlegen si side enno, og me ber folk framleis om å ha få nærkontaktar og oppmodar til rask testing ved symptom på luftvegsinfeksjon i tråd med dei nasjonale råda.

Du kan ringe kommunens koronatelefon for råd og rettleiing om du er usikker på om du bør ta ein test - tlf nr 903 66 117.