Personalet ved kulturskulen håpar alle har hatt ein god feire og en flott skulestart! Me ser fram til å spele musikk, teikne og måle, synge og danse med dykk igjen!

Har du søkt opptak?
I veke 34 startar kulturskulen arbeidet med å fordele elevplassane, det vil seie at du frå og med i dag kan bli kontakta ved ledig plass.
Nokre av tilboda er så populære at ein må rekne med å stå på venteliste ein lengre periode, særleg dans har hatt stor pågang over lengre tid. Oversikt over ledige plassar kjem når alle elevane er fordelt.

Smittevern ved kulturskulen
Kulturskulen fyljer dei gjeldande råd, og nyttar trafikklysmodellen der ein delar tiltaka inn i grønt, gult og raudt. Kulturskulen fylgjer smittevernsrettleiinga frå norsk kulturskuleråd og norsk musikkråd, som bygger på det folkehelseinstituttet tilrår, og nyttar mange av dei same tiltaka som smittevernsplanane frå utdanningsetaten.
Om du vil lese dokumenta i detalj finn du dei her:
kulturskulerådet (lenke til nettstad) 
Norsk musikkråd (lenke til nettstad)

Kulturskulen startar i veke 35 på gult nivå:  
GULT NIVÅ

  • Ingen sjuke skal møte på kulturskulen
  • God hand og hostehygiene
  • Forsterka reinhald
  • Redusert sambruk av instrument og utstyr
  • Ingen handhelsing eller klemming
  • Tilsette kan veksle mellom klasser og grupper
  • Unngå store samlingar og trengsel

Utover dette må ein halde avstand til kvarandre ca. 1 meter, 2 meter ved bruk av blåseinstrument eller songundervisning.

Kulturskulen ynskjer og at elevane ventar utanfor undervisningslokalet til lærar kjem og tek dei imot. Når ein ventar ute må ein og halde avstand til sine medelevar. Møt opp så presis som mogleg.

Kvifor er tiltaka ved kulturskulen strengare enn på skulen?
Kulturskulen er eit valfritt fritidstilbod, noko som førar til at undervisninga må fylje andre rettleiingslinjer enn skulen. Reglane kan variere frå tilbod til tilbod grunna bruk av forskjellig utstyr og instrument. Elevane vil få innføring i reglane som gjeld for den aktuelle disiplinen  fyrste dag med undervisning.

Mvh
Lærarane ved kulturskulen