I samarbeid med Kystlotteriet er no Kanallotteriet i gang att. Plassering av søppelstasjon er ved kommuneverkstaden mot Statkraftbygget, sjå bilde (plassering).

Det er kjempe enkelt: Hent ein søppelsekk, fyll den med søppel, fest lodd til sekken og kast den i containeren. Meir detaljera beskriving står på stasjonen:

Ta med deg mamma og pappa, syster og bror, dotter og son, bestemor og bestefar, tante og onkel og resten av slekta for å halde Tokke reint for søppel. Ordninga gjeld heile kommunen, i frå kanalen og heilt opp på dei høgaste fjella

Meir informasjon finn du HER.

Gjer ein innstats for miljøet, og ver med i trekninga av fine premiar