Under kommunestyremøte 10.12.20 vart det bestemt å redusere 20 % stilling i kommunal fysioterapi. Fysioterapi er ei lovpålagt teneste i kommunane. Kommunale fysioterapeutar skal yte tenester på rehabiliteringsinstitusjonar, på sjuke- og aldersheim og i heimen, i tillegg til at kommunale fysioterapeutar er ein del av skulehelsetenesta og helsestasjon. To 100 % fysioterapistillingar har gjort det mogleg å utvikle tilbodet til Frisklivssentralen i Tokke og satse på anna førebyggjande frisklivsarbeid. Konsekvensane av reduksjon i kommunale fysioterapistillingar vert reduksjon i oppgåver som ikkje er lovpålagde som td. helsefremjande og førebyggjande arbeid gjennom Frisklivssentralen. Frisklivstrening som sirkeltrening på Elvarheim, bassengtrening, samt 40+ og 60+ styrketrening på Tokkegym utgjør 20 % stilling, og vil frå 01.01.21 ikkje vere mogleg for fysioterapitenesta å tilby.

I tillegg er bemanninga i fysioterapitenesta redusert med ein fysioterapeut frå 01.01.21, og det vil difor vere begrensa ressursar ei tid framover til ny fysioterapeut er tilsett.