Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) får i desse dagar mange spørsmål om ein treng å ta jodtablettar som fylge av situasjonen i Ukraina. Svaret frå DSA er at den store geografiske avstanden gjer det svært lite sannsynleg at det vil bli naudsynt å ta jodtablettar i Noreg. 

Du kan lese meir om temaet Ukraina, atomsikkerhet og atomberedskap via denne linken: Jodtabletter ved atomulykker - DSA

Eigenberedskap:

Uavhengig av situasjonen i Ukraina så tilrår DSA at alle under 40 år har jodtablettar lagra heime. Hovudgrunnen er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs Norskekysten. Ved eit alvorleg uhell med eit av desse kan det bli naudsynt med jodtablettar i Noreg, spesielt for born og unge under 18 år, gravide og ammande. 

NB! Jodtablettar skal berre takast etter råd frå styresmaktene. I tilfelle ei atomulykke, vil råd bli gjeve gjennom media, relevante styresmakter og på heimesida til DSA: dsa.no.

Tokke kommune distribuerar jodablettar via helsestasjonen til born og unge under 18 år, gravide og ammande, om det blir behov for dette. Meir informasjon vil då koma via SMS-varsling til alle innbyggjarane om tidpunkt for henting.

Det er ingen offentlege tilfluktsrom i Tokke, og for å verne seg mot evt radioaktivt nedfall er det nok å halde seg innandørs. Du kan lese meir om tilfluktsrom her: https://www.sivilforsvaret.no/dette-er-sivilforsvaret/tilfluktsrom/