Skafså Motorsportklubb inviterar til Open Dag 13.10 kl 1730 – 1900 på motorsportbanen på Skafså (Gamleveg 68, 3880 Dalen). Det blir ein sosial kveld, der ein kan sjå utøvarane køyre, og få servera pylser og saft. Om det er born eller ungdom (6 – 18) som vil prøve å køyre sjølv ein ha meldt seg på via denne lenka Ferieaktivitet for ungdom (kf.no)  i løpet av dagen i dag. Det pga at køyring krever lisens, og at det må ordnast i god tid. Dei som skal køyre må ha med seg ein forelder.

Det blir sett opp buss til og frå Høydalsmo skule via Dalen. Bussen går 16:45 og kan plukke opp passasjerar undervegs. Vel møtt til ein fartsfylt kveld!