Skulane i Tokke startar undervisning for 1.- 4. klasse kommande måndag. Utdanningsdirektoratet har utarbeida rettleiarar som landets kommunar nyttar for å hindre spreiing av covid-19, nå ved opning av skulane.

Ein byggjer opp smitteforbyggande tiltak om:
            1. Sjuke personar (elevar eller  personale) skal ikkje vere på skulen
            2. God hygiene
            3. Redusert kontakt mellom personar

Born som har luftvegssymptom skal ikkje gå på skulen, fyrst eit døgn etter at barnet er symptomfri kan eleven tilbake på skulen. Born som er covid-19 positive eller vore i nærkontakt med nokon som er testa positivt skal sjølvsagt ikkje på skulen.

Det er utarbeida retningsliner for:
            God hånd- og hostehygiene
            Reinhold

Det er ei rekkje tiltak som blir innført for å redusere kontakt mellom elevar og personell på skulen. Ein kan nemne: storleik på grupper, tidspunkt for pauser, område på skulen der ulike elevgrupper er, avstand mellom elevar, bruk av uteområde til undervisning osv.
Vidare er det spesifikke retningsliner for enkelte fag.
 

Tilsette bli gjeve opplæring om reglar og prosedyrar i forkant av at skulen startar undervisning 27.04.20.

SFO tilbodet vil vere ulikt på skulane.


Skulane vil gje føresette nærare informasjon om organisering av skuledagen og SFO i løpet av onsdagen. Har du spørsmål i samband med undervisninga eller organiseringa, ta kontakt med skulen.
 

Norsk barnelegeforening har kome med oversikt over sjukdommar hjå barn som ikkje bør gå på skulen:

https://www.legeforeningen.no/contentassets/14b5140eb743406aa07b3e3b0912fe70/coronavirus_vurdering-av-barn-med-kronisk-sykdom-og-skoleapning-140420.pdf

Om du er i tvil, diskuter situasjonen med fastlegen og få legeerklæring.   

Rettleiaren i heilhet finn ein på linken:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/skoletrinn-1-7/

 

Direktoratet peikar nå på at det er trygt å sende borna attende på skulen. Ein forventar at alle i 1. - 4. klasse som ikkje er i risikogruppe er attende på skulen til måndagen.
Dei som er i risikogruppe eller av andre årsakar ikkje møter til undervisning, må gje skulen melding om det.
Born i risikogrupper har rett til undervisningsopplegg, det gjeld berre denne gruppa.

Lærerar og assistentar ser fram til å ha alle elevane i 1. - 4. klasse attende på skulen til måndagen.