I valprotokollen finn du detaljane om korleis veljarane i Tokke gjorde endringar på røystesetlane til kommunevalet.

Jarand Felland fekk flest personstemmer med 101 – Hilde Alice Vågslid nr 2 med 90 personstemmer.

Til slutt i protokollen finn du kven som vart medlemer av kommunestyret (2 stjerner ved namnet slik: **). Dei med 1 stjerne er då varamedlemer.

Kommunestyret skal konstituere seg den 15.okt, og då som minimum velje formannskap, kontrollutval, ordførar og varaordførar.

Etter kommunen sitt reglement skal det også veljast ei valnemnd som skal koma med forslag til kandidatar til dei ulike utval, styre og råd som skal veljast seinare.

Her finn du valprotokollen.