Frista for å søkje SMIL-midlar nærmar seg! Føremålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar, redusere forureining og å gjere tiltak utover vanleg jordbruksdrift.  I Tokke kan eigar av landbrukseigedom få tilskot til restaurering av verna/verneverdige bygningar, rydding av gamle kulturbeiter og hydrotekniske tiltak som reduserer ureining frå jordbruket til jord, luft og vatn.

 

Elektronisk søknadsskjema finn du her: Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet

Ta kontakt med jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland, tlf. 35075242 eller e-post gunnhild.breiland@tokke.kommune.no dersom du har spørsmål eller om du har eit prosjekt som du vil søkje tilskot til.

 

Vi minner også om desse ordningane for verneverdige bygningar:

Vestfold og Telemark fylkeskommune - Verneverdige kulturminner som ikke er fredet (vtfk.no)

Faste kulturminner - Kulturminnefondet