Tokke kommune har teke i bruk SMS varsling til innbyggjarar i samband med både planlagde og uføresette hendingar på vassledningsnettet.

Korleis verkar det?

I samband med vassavstenging, lekkasjar, driftsavbrot og liknande vil det gå ut ei melding om kva som har skjedd eller kva som skal skje.

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle registrerte mobiltelefonar som systemet har fanga opp i det aktuelle området.

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og får dermed heller ikkje varsel.

Korleis sjekkar eg om eg får varsel?

Du har høve til å kontrollere og endre di oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata (UMS Contact Data Manager): http://cdm.ums.no

Slik registrerer du nummeret ditt i systemet

Får du ikkje SMS, men ynskjer å registrere deg? Det kan du gjere her.Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ynskjer å få varsel ved hendingar som omhandlar fritidseigedom, studentbustad eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje denne til på folkeregisteroppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, noko som betyr at desse ikkje får varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ynskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halde hemmeleg for alle andre.

Varsling til bedrifter

Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld også adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane og ein rår difor bedrifter til å endre eller leggje til nummer og kontaktpersonar som skal varslast ved enkelt å logge inn på UMS Contact Data Manager.

Varslingssystemet er meint som ein sikkerhet for di bedrift, eller institusjon.


Dersom vi skal kunne nå Dykk på ein rask og effektiv måte er vi avhengige av at rett kontaktperson blir registrert her.

Sårbare abonnentar

Tokke kommune tek spesielle omsyn til såkalla "sårbare abonnentar" ved endring i vasskvalitet eller vassmengde. Det er spesielt låg terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrringar på vassleidningsnettet. Verksemder og organisasjonar med særskilt behov for varsling vert beden om å registrere adressa som "sårbar abonnent" i UMS sin portal for vedlikehald av kontaktdata.

Tenesta vert tilbydd til spesielt sårbare abonnentar som:

  • Alders- og sjukeheimar
  • Frisørar
  • Hotell
  • Lege/ medisinsk
  • Næringsmiddelindustrien
  • Renseri/ vaskeri
  • Restauranter/ serveringsstader
  • Skular/ barnehagar
  • Tannlege/ tannhelsesenter

Dersom du høyrer heime i ei av desse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre årsaker, kan du setje adressa di som sårbar abonnent her.

Plan, næring og teknisk