Unge idrettsutøvarar mellom 16 og 20 år kan søkje om idrettsstipend. Alle innbyggjerar i Tokke har høve til å føreslå kandidatar.

Tildeling skjer etter anbefaling frå Tokke idrettsråd. Tilskotet vert fordela etter tilgjengelege midlar og talet på søkjarar, basert på korleis søkjarane oppfyller kriteriene. Ved fleire søkjarar står idrettsrådet og Oppvekstutvalet fritt til å rangere søkjarar og fordele midlar til ein eller fleire av søkjarane.

 

Kriterier:

1. Må ha fylt 16 år i søknadsåret kan fylle 20 år i søknadsåret.

2. Må drive seriøs satsing innanfor ein idrett og syne til deltaking i konkurransar på nasjonalt nivå.

3. Må vere medlem av idrettslag eller klubb i Tokke kommune (kan gjerast unntak ved mindre idrettar der Tokke ikkje har eigen klubb innanfor den aktuelle grein og søkjaren er busett i Tokke).

4. Må ha vedlagt uttale frå trenar/ klubbansvarleg om utvikling og satsing.