Siktemålet med stadanalyse er å systematisere kunnskap for å forstå staden sin historie, no-situasjonen, utviklingspotensiale og framtidsmoglegheitar. Det er Faun naturforvaltning som har laga analyse saman med Tokke kommune.

Stadanalyse er ikkje altomfattande, men den skal gje eit utgangspunkt og grunnlag for drøfting av utviklingsmoglegheitar for Dalen.

Analysen er 3 delar. Del 1 er registrering, del 2 er analyse og del 3 er forslag til framtidig utvikling. Del 1 og er faktabasert, men del 3 er forslag til mogleg utvikling sett frå konsulenten si side. Det er ikkje på nokon måte bestemt løysingar på dette stadiet i planprosessen.

Stadanalyse gir no eit godt grunnlag for å jobbe med forslag til ny reguleringsplan. Stadanalyse og spørjeundersøkinga er eit svært godt grunnlag for å planlegge for framtida på Dalen.

Denne stadanalyse er laga på digital plattform, slik at det er ikkje ein rapport eller dokument som kan skrivast ut. Den må lesast på pc, nettbrett eller mobil.

Dersom det er spørsmål eller innspel til planarbeidet så er det berre å ta kontakt med arealplanleggar Knut Erik Paulsen på mail kep@tokke.kommune.no eller mobil 90528586.

Link til stadanalyse for Dalen:

Stadanalyse Dalen (arcgis.com)