(Det er mogleg å registrere stillingar 1 månad før, på https://arbeid.vest-telemark.no)

Kva for stillingar?

Alle! Det kan vere alt frå heile, faste stillingar til vikariat og sesongbaserte jobbar. Og kanskje har du ikkje ei konkret stilling, men du har arbeid dersom riktig person søker? Flott! Og det beste av alt: det kostar ingenting å bli med på dette!


Kvifor stillingsslepp?

Dette er ein god måte å profilere Vest-Telemark på. Vi ynskjer at fleire skal finne draumejobben i Vest-Telemark. Ved å sleppe fleire stillingar samla, synleggjer vi den breidda som finst i arbeidsmarknaden i regionen vår. Eit anna viktig mål er å nå folk i etableringsfasa – her er jobb til begge!


Praktisk

Fram til registrering av stillingar er det viktigaste at verksemdene førebur seg på stillingssleppet. Verksemdene bør kartleggje kva stillingar som kan vere aktuelle å ta med, og starte arbeidet med å førebu tekst til sjølve stillingsutlysinga. På nettsida over ligg eit skriv med tips og råd om kva ein må hugse på når ein skal lyse ut stillingar og tilsette nye folk.


I perioden frå 25.januar til 23 februar er det registrering av stillingar som er viktig. Sjølve nettsida for registrering vil vere enkel og praktisk, med vanlig info knytt til type stilling, tittel, arbeidsstad, stillingstekst og kvalifikasjonar. Alle som legg inn stillingar vil ha tilgong til å redigere informasjonen. Vest-Telemarkrådet vil kvalitetssikre alt før publisering.


Frå 25. februar er det marknadsføring av alle stillingane som er i fokus. Det vil bli målretta marknadsføring på nett og i sosiale medier.


Bli med!

Vi håpar at mange ser potensialet i å marknadsføre ledige stillingar i regionen på denne måten. Har du spørsmål eller lurar på noko, ikkje nøl med å ta kontakt med utviklingsleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet på 41440928 / jr@vt-radet.no