Regjeringa har i desember foreslått at folk som bur i bustader skal få ein refusjon av straumkostnadane i samband med dei særs høge straumprisane. Staten vil dekke 55 % av straumkostnaden over 70 øre per kWh. Det vil seie at kostar straumen i januar til dømes 170 øre per kWh i snitt vil det vere 100 øre over 70 øre per kWh. Då vil staten kompensere bustadkundar med 55 øre per kWh. Ordninga gjeld ut mars 2022.

I januar 2022 vil maksprisen for straum i Tokke kommune vere 38 øre per kWh. Kommunestyret auka prisen med 1 øre frå 2021 til 2022 i budsjettkommunestyremøtet. Med kompensasjonsordninga frå staten i tillegg til dette, ville bustadkundar i Tokke kunne få svært låg straumrekning. Om dei høgaste prisprognosene på 250 øre/kWh for januar slår til vil statleg refusjon (100 øre/kWh) kunne overstige summen av nettleige og straumpris i Tokke.

Tokke formannskap har i dag 22.12 fatta eit samrøystes vedtak som inneber at kompensasjonen frå staten vil bli lagt på makspristaket på 38 øre per kWh. Då den tilsvarande kompensasjonen frå staten kjem i frådrag vil du som kunde i praksis betale pristaket på 38 øre. I tillegg kjem eit påslag på 3 øre som alle nettkundar i VTK må betale og mva-avgift - samla pris 51,25 øre/kWh, og så kjem nettleiga i tillegg til dette.
Fritidsbustader og næringsliv er ikkje omfatta av den nasjonale kompensasjonsordninga, og desse abonnentane vil også betale 38 øre/kWh i 2022 (37 øre for desember 2021), til kommunen og samla pris 51,25 ørekWh + nettleige.

Vedtaket har skjedd på vegne av kommunestyret i medhald av hasteparagrafen i kommuneloven § 11-8. Det inneber at Tokke kommune vil motta denne kompensasjonen. Kor mykje det vil vere er avhengig av både forbruket i kommunen og kva som blir straumprisen framover.

For 2021 inneber kommunens pristak at eit normalhushald med 20 000kWh i forbruk vil spare kr 10 000,- samla sett inkludert mva - og om lag det same i 2022 slik prisutsiktene er no for neste år.

Kommunen på den annan side kunne hatt om lag 15 mill kroner høgare inntekt frå sal av konsesjonskraft utan dette pristaket.