Regjeringa har vidareført tilskotsordning for frivillige organisasjonar som fylgje av dei ekstraordinære straumprisane til og med mars 2023.

I fyrste tilskotsperiode desember 2021 – mars 2022 blei tilskotsordninga forvalta av kommunane. Regjeringa har bestemt å forlenge tilskotsordninga til og med mars 2023, og har vedteke ei ny forskrift for fordeling av tilskotet. I perioden april 2022 – mars 2023 vil tilskotsordninga bli forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Les heile forskrifta her: Forskrift for strømstøtteordningen for frivillig sektor - Lovdata

Nedanfor fylgjer nokon av hovudpunkta i den nye forskrifta:

Kven kan søke?

Tilskotsordninga gjeld for organisasjonar i prisområde med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i desember.

Månadleg gjennomsnittspris i kvart av prisområda publiseras på nettsidene til Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) i byrjinga av kvar månad.

Fylgjande organisasjonar har rett til å søke:

  1. Verksemder som er registrert i Frivillighetsregisteret
  2. Verksemder som ikkje er i Frivillighetsregisteret, kan søke dersom eigar/medlemmar med bestemmande innverknad er registrert i Frivillighetsregisteret
  3. Andre frivillige verksemder som ikkje dekkas under a. og b. kan få støtte dersom verksemden hovudsakleg vert drifta av frivillig arbeidsinnsats og der det ikkje er anledning for privatpersonar eller kommersielle foretak å oppnå økonomiske fordelar frå versemda. Frivillig arbeidsinnsats er slik å forstå, menneske som bidreg utan løn eller annan form for økonomisk yting, verken nå eller i fremtida.

Søkar må ha organisasjonsnummer.

Kva for kostnadar kan kompenseras?

Tilskotsordninga vil kun gjelde straumforbruk i prisområde med ein gjennomsnittlig månadleg straumpris på over 70 øre per kWt.

Gjennomsnittleg månadleg straumpris vert utregna av Reguleringsmyndigheten for energi siste dag i den aktuelle månaden. Satsen kan rundes av til heile ører.

Fylgjande skal ikkje kompenseras:

  1. Straumforbruk knytt til utføring av offentlege lovpålagte oppgåver på oppdrag frå stat, fylkeskommune eller kommune.
  2. Økonomisk verksemd der kompensasjon til denne verksemda er i strid med EØS-avtalas reglar om offentleg støtte.
  3. Straumutgifter som allereie er kompensert gjennom dei statlege straumstøtteordningane for husstandar eller landbruk.
  4. Straumutgifter til verksemder som er under konkursbehandling.

Korleis kan eg søke?

Lotteri- og stiftelsetilsynet vil opprette eit nytt søknadsskjema for tilskotsordninga. Lenke til søknadsskjema og informasjon om søknadsfristar blir lagt ut på regjeringen.no og på lottstift.no.

Sjå mier informasjon på lottstift.no: Strømstøtte for frivillige lag og organisasjoner - Lottstift

Når er fristen for å søke?

For den forlenga perioden april 2022 – mars 2023 vil det vere mogleg å søke om straumstøtte kvart kvartal. Fyrste søknadsrunde vil derfor bli i etterkant av andre kvartal 2022. For å unngå søknadsfristar i sommarferien vil søknadsskjemaet fyrt bli tilgjengeleg tidlegast i midten av august.

Kor mykje får eg?

Tilskotet blir regna ut etter faste satsar på om lag same nivå som i ordninga for husstandar. Søkarane må dokumentere kWt-forbruk for førre periode. 

Organisasjonane som vil vere kvalifisert til tilskot kan forvente å få ei støtte tilsvarande 80% av straumkostnadane over 70 øre per kWt opp til gjennomsnittsprisen den månaden.