Tokke kommune ynskjer på satse på auka bruk av sykkel og gange, og vil bidra med å legge til rette for det. I forprosjektet «Sykkelbygda Dalen» har vi identifisert ein del behov og ynskje som kan stimulere til auka bruk av sykkel – og system for parkering av syklar er eit slikt tiltak.

Tokke kommune vil velje løysingar som har same profil- farge og utforming- og med høve til informasjon og/eller marknadsføring av verksemd og kommune.

Vi vil difor oppmode verksemder til å kjøpe stativ til parkering av syklar- med same profil, slik at det er lett å sjå, bruke og kjenne att. Vi har alternativ for med ladepunkt for elsyklar og vanlege syklar.

Vi ynskjer at stativ og skilt skal vere i same farge, slik som verktøystasjon er ved turistkontoret i dag
Tokke kommune vil dekke 50% av kostnadane, og kan stå for bestilling og levering. Det er omlag 6-8 veker frå bestilling til levering.

For å kunne sende ei samla bestilling vil vi oppmode dykk til å bestille stativ innan 30. april.
Saman kan vi bidra til ei grønare satsing på Dalen og i Tokke!

For meir informasjon om sykkelstativa, sjå her