Ved positiv koronatest:

· Kontakt smittesporingsteamet omgåande på telefon 90366117.

· Bestill PCR koronatest ved å ringe legekontoret alle kvardagar på telefon 35075560 mellom 8.00 og 15.30.

Ein er ved positiv test pålagt isolasjon:

  • Isolasjonen varer i 6 døgn frå symptoma starta og til ein er feberfri i 24 timar utan bruk av febernedsetjande medisin.
  • Viss ein ikkje har symptom skal ein vere i isolasjon i 6 døgn frå ein tok testen som var positiv.
  • Isolasjonsreglar gjeld uavhengig av vaksinestatus.
  • Bli heime. 
  • Hald avstand til dei ein bur med.
  • For barn og personer med behov for helsehjelp må omsorgsbehovet prioriterast høgare enn avstand.
  • Bruk munnbind viss det er vanskeleg å halde avstand på 2 meter til dei ein bur med. Alternativt kan dei ein bur saman med bruke munnbind. Barn i barneskulealder eller yngre skal ikkje bruke munnbind.
  • Ein bør ha sitt eige rom og eige toalett/bad. Bruk eige handkle.
  • Ein kan ikkje ha besøk.
  • Viss staden ein bur på ikkje eignar seg for isolasjon, vil kommunen hjelpe ein med å finne ein eigna stad, ta då kontakt på telefon 90366117.

Meir informasjon finn du på FHI si heimeside:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/til-deg-som-ma-i-isolasjon/

Kontakt nærkontaktane snarast!

 

Nærkontaktar er dei ein har hatt nær kontakt med frå 48 timer før ein fekk symptom inntil ein er isolert. 

Hugs å registrere positiv test i Smittestopp-appen: https://www.helsenorge.no/en/smittestopp/#download-smittestopp

Informasjon til husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære til den smitta:

Dei ein bur med eller har hatt langvarig eller fysisk kontakt med, for eksempel kjæraste, besteven eller overnattingsbesøk.

  • Skal ta ein hurtigtest straks.
  • Har karanteneplikt i 10 dagar (også barn), men kan avslutte karantene med negativ test etter 7 døgn. Denne testen kan ein ta sjølv.
  • Viss ein bur saman med ein eller fleire smitta personar, og ein kan halde heilt avstand, teller ein karantenedøgn frå tidspunkt den siste smitta testa positivt.
  • Viss ein får symptom, skal ein halde seg heime og teste seg uavhengig vaksinasjonsstatus.
  • Viss ein testar positivt må ein straks ringe smittesporingsteamet på telefon 90366117, isolere seg, og få tatt ein bekreftande PCR-test snarast råd på legekontoret.

Unntak frå karanteneplikt, men må teste seg dagleg med hurtigtest i 7 døgn etter kontakten:

  • Har hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadane.
  • Har fått 3.dose for minst 1 veke sidan.
  • Eigne råd for dei som jobbar i helse- og omsorgstenesta- sjå fhi.no.

 

Informasjon til øvrige nærkontaktar til den smitta: Dei du veit du har vore nærare enn to meter i meir enn 15 minutt, eller har hatt direkte fysisk kontakt med.

Er ein over 18 år skal ein vere i karantene i 10 dagar, men kan gå tilbake til arbeid eller skule viss ein testar negativt på  test tidlegast 3 døgn etter kontakten. Ein må vere i karantene på fritida fram til negativ test tatt tidlegast 7 døgn etter kontakten. Bruk av offentleg transport bør ein unngå.

Unntak frå karanteneplikt:

  • Har hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadane.
  • Har fått 3. dose for minst 1 veke sidan.
  • Er under 18 år eller elev i vidaregåande skule.
  • Frå 01.01.22 gjeld det dei som har kritisk samfunnsfunksjon, inkludert tilsette i skular og barnehagar, men må teste seg på dag 3 og 7 etter sist kontakt. Disse skal uansett vere i fritidskarantene inntil negativ test etter 7 døgn.

 

Reglar for deg/dykk som er i smittekarantene:

  • Ein bør teste deg slik det er forklart i dette skrivet.
  • Ein bør halde god avstand til andre.
  • Unngå besøk i heimen.
  • Ein skal ikkje gå på jobb eller andre aktivitetar utanfor heimen viss ein ikkje er unnateke smittekarantene i arbeidstida etter covid-19 forskrifta.
  • Ein skal ikkje reise utanlands eller ta offentleg transport.
  • Ein kan gå tur ute, men halde 2 meter avstand til andre.
  • Ein bør ikkje gå i butikk, men ved nødvendig ærend bruke munnbind, halde avstand og unngå kø.
  • Ver obs på eigne symptom på covid-19, og teste seg sjølv ved slike symptom.