No nærmar deg seg opning av skulen for elevar i 1. – til 4. klasse. Me gler oss veldig til å sjå att elevane. Me har bruka denne veka til planlegging av oppstart, samt kursing av tilsette når det gjeld smittevern og handhygiene.

Me har stort fokus på at det skal vere trygt og godt å sende elevane på skulen. Retningslinjene frå utdanningsdirektoratet seier 15 barn pr vaksen. Me vel å dele klassene i 2 grupper, så det berre blir 7 – 11 barn pr vaksen. Dette som eit ekstra tiltak i oppstarten, då me ser at dette er mogleg så lenge det berre er småskulen som er på skulen.

I avdeling Åmdals Verk treng me ikkje noko deling,- men vil på lik linje som Tokke ha fokus på smittevern og handhygiene.

Organisering

Kvar klasse er ei gruppe. Kvar gruppe blir delt i 2: Basegruppe 1 og 2. For å unngå mest mogleg kontakt mellom gruppene har me sett inn følgjande tiltak:

  • Endring av oppstart/avslutning på dagen

1 og 2 klasse startar 08:00,  sluttar kl 13.40

3 og 4. klasse startar 08.15, sluttar kl 13.50

  • Det vil vere vakter ute både før og etter skuletid. Ikkje send borna til skulen lenge før skulestart dersom mogleg, då me ynskjer minst mogleg kontakt mellom gruppene.
  • Dersom elevar kjem litt før skulestart, skal 1. og 3. klasse vere bak skulen, 2. og 4. klasse vere på framsida.
  • Elevane stiller opp på rekke med avstand, før dei går inn til undervisning. Lærar vil vere tilstades. Vi ønskjer ikkje at føresette følger borna inn på skuleplassen, om det ikkje er særskilde behov for dette.
  • Det vil vere 3 (4) faste lærarar/assistentar på kvar gruppe. Desse lærarane vil ikkje undervise på andre grupper.
  • Kvar gruppe får si eiga inngang.
  • Kvar basegruppe vil ha eit fast klasserom.
  • Fordelinga blir som følgjande:
  • 1. klasse: klasserom 2 + 3 (inngang ved SFO, toalett ved sfo + heis)
  • 2. klasse: klasserom 10 + 11 (inngang ved Lio, toalett utanfor sløyd)
  • 3. klasse: klasserom 5 + 6 (inngang nedre fløy, mot Kulturhuset)
  • 4. klasse: klasserom B og D (på kvar side av den store trappa)

 

Inndeling av dagen

Vi køyrer  3 doble arbeidsøkter, med 2 lange pauser. Elevane et ca. kl 11.00. Viktig at alle elevar har med enkle og gode nister. Ingen elevar får dele mat. Elevar som har mjølk til vanleg, vil få dette.

Timeplanen er endra. Vi har fokus på basisfag kvar dag,- men legg også til rette for meir uteaktivitet og praktisk læring ute. Elevar i 1. og 2. klasse har elles uteskule kvar fredag, 3 og 4 klasse vil no ha uteskule på tysdag.

1.og 2. klasse har friminutt saman, og 3. og 4. klasse har saman. Dette på ulike tidspunkt.

Ei av klassene vil vere framme, medan den andre er bak skulen. Elevane vil difor berre ha friminutt saman med elevar på sin gruppe/klasse.

Ved skuleslutt må elevar som ikkje skal på sfo forlate skulens område. Dei skal heller ikkje opphalde seg på Kulturhuset.

Det blir ikkje leksehjelp i 3. og 4. klasse resten av skuleåret.

Skyss til skulen

Transport til skulen går som før. Elevane skal site med god avstand til kvarandre på bussen, og ikkje gå av /på bussen samstundes (tett etter kvarandre)

Sjåførane på bussane organiserar dette. Elevar frå 1 og 2 klasse må gå direkte til undervisning når dei kjem om morgonen, då dei startar kl 08.00.

Dersom føresette kan syte for eiga transport av borna i staden for bruk av buss,- oppmodar vi til dette.

Det er behov for at det faktiske skyssbehovet snarast mogleg blir avklart. Ber derfor alle føresette gje tilbakemld. så fort som råd om bornet/borna dykkar må/skal benytte skyss. Dette gjelder kun for elevar som allerede har eit vedtak om skuleskyss.

Svarfrist torsdag 23. april kl. 17:00 på mail til: anne.marit.roholdt@tokke.kommune.no

SFO

Opningstidene  på sfo er endra på grunn av kapasitet.

  • Det blir ingen tilbod på sfo om morgonen
  • Med unntak av torsdag er SFO opent frå kl 13.45 til 16.00.
  • Tilbod på torsdagane vil vere frå kl 08.00 til 16.00. Dette tilbodet er berre for born der ei av føresette har ei samfunnskritisk funksjon.(må ha med eiga niste, ingen felles måltid)

NB. Tilbodet gjelder berre til born som har tilbod på aktuelle dagar frå før.

Borna vil bli delt i grupper etter klasser. Me kjem til å vere mykje ute,- men vil  organisere dette så alle grupper ikkje er ute samstundes.

Nokre leiker vil me rydde bort på grunn av unødvendig smittefare.

Tilsette vil elles ha stort fokus på smittevern og handhygiene.

For at me skal organisere gruppene best mogleg, må me ha ei påmelding frå føresette over born som kjem på SFO kvar veke. Hugs namn, klasse og tidspunkt.

Frist: Kvar torsdag innan kl 15.00 til: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no

(påmeldingar etter fristen vil ikkje få tilbod)

Kan elles informere at tilsette på sfo har måla veggane både i gangen, grupperom og hovedrom. Det har blitt veldig bra !

 

Diverse

  • Gje melding til kontaktlærar som før ved eventuell sjukdom
  • Elevar kan ikkje ta med eigne leiker/pokemonn kort til skulen. Dette på grunn av mogleg smittefare. Elevane må så langt som råd halde 1 meter avstand til kvarandre.
  • Viktig at føresette har ei samtale med borna i høve innhaldet i dette informasjonsbrevet.

 

Smittevern

Ein byggjer opp smitteforbyggande tiltak om:
              1. Sjuke personar (elevar eller  personale) skal ikkje vere på skulen
              2. God hygiene
              3. Redusert kontakt mellom personar

  • Born som har luftvegssymptom skal ikkje gå på skulen, fyrst eit døgn etter at barnet er symptomfri kan eleven tilbake på skulen. Born som er covid-19 positive eller vore i nærkontakt med nokon som er testa positivt skal sjølvsagt ikkje på skulen.
  • Dersom nokon andre i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje bekrefta covid – 19, skal eleven møte på skulen som normalt.
  • Elevar og tilsette med typiske symptom på pollenallergi, kan møte på skule/sfo.
  • Det er utarbeida retningsliner for:
                  God hånd- og hostehygiene
                  Reinhold

    Elevar og tilsette vil få grundig opplæring i desse retningslinjene. Pultar, dørhandtak, tastatur, vask mm. vil bli vaska fleire gonger til dagen.

    Norsk barnelegeforening har kome med oversikt over sjukdommar hjå barne som ikkje bør gå på skulen:

    https://www.legeforeningen.no/contentassets/14b5140eb743406aa07b3e3b0912fe70/coronavirus_vurdering-av-barn-med-kronisk-sykdom-og-skoleapning-140420.pdf

    Om du er i tvil, diskuter situasjonen med fastlegen. 
     

    Rettleiaren i heilheit finn ein på linken:

    https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/skoletrinn-1-7/

    Det har kome ein del spørsmål om det er friviljug eller ei å sende borna på skulen til måndag. Me oppmodar sterkt til at alle elevar kjem attende til skulen ved gjenopning. Dersom de ynskjer å halde fram med eiga heimeundervisning kan de søke om dette. Føresette må då vere merksam på at dette blir utan undervisningsopplegg og oppfølging frå lærarane. Det er då foreldra som har ansvaret for å gje borna opplæring, tilsvarande opplæringa i skulen. Born i risikogrupper har rett til undervisningsopplegg.

    Direktoratet peikar nå på at det er trygt å sende borna attende på skulen. Me ha difor ei forventing om at alle i 1. - 4. klasse som ikkje er i risikogruppe er attende på skulen til måndagen.

    Dei som er i risikogruppe eller av andre årsakar ikkje møter til undervisning(t.d heimeundervisning) må søkje om dette innan fredag kl.12.00 til rektor på mail.
     

    Viser også til informasjon frå kommunalsjef som ligg ute på heimesidene.

    Me ønskjer alle elevar velkommen attende til skulen, måndag 27.04

    Mvh rektor