Kommunestyret vedtok i sak 59/22 den 16. juni 2022 å etablere ei økonomisk stimuleringsordning for å få fleire gardsbruk ut for sal. Ordninga skal vere eit kort og intensivt stimuleringstiltak og vare t.o.m. 2023. Følgjande vilkår vert sett:

  1. Tilskotet er på kr. 100 000 og er avgrensa til seljar/noverande heimelshavar der eigedomen vert seld til fast busetjing og der salet utløyser buplikt.
  2. Tilskotet gjeld for eigedomar i Tokke kommune som er landbrukseigedomar etter SBB sin definisjon, som omfattar eigedomar som har minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. Det er ein føresetnad at eigar ikkje har vore busett på eigedomen dei siste 12 månadene før tinglysing av overdraging til ny eigar.
  3. Fyrste del av tilskotet på kr 50 000 blir utbetalt når ny eigar har fått tinglyst heimel. Tinglysing må seinast skje innan 31.12.23 Andre del av tilskotet på kr 50 000 blir utbetalt når ny eigar melder flytting til eigedomen. Flytting til eigedomen jf. folkeregisteret, må seinast vere meldt innan 31.12.2024. Det kan søkast om utsetjing av denne fristen i ytterlegare eit år i særlege tilfelle.

 

Ta kontakt med jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland på e-post gunnhild.breiland@tokke.kommune.no eller tlf. 92610824 ved spørsmål kring ordninga.

Les meir om saka her: 

Saksframlegg

Saksprotokoll