Kommunestyret har vedteke at alle som bur i Tokke kan få refusjon med kr. 2500,- pr. sesongkort ved Hallbjønn Høyfjelllsenter. Ordninga gjeld og for elevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Ordninga gjeld for dei som kjøper sesongkort etter 14 februar 2023.

 

Send søknad om refusjon via edialog med følgande opplysningar:

  • Namn på den som har kjøpt kort
  • Kvittering
  • Bankkonto som refusjon skal betalast ut til

 

For meir informasjon kontakt nærings- og samfunnsutviklar Åse Ingebjørg Flateland, e-post aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no, mobil 91721365.