Føremålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Tilskot kan gjevast til føretak som oppfyller vilkår for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Tilskot kan også gjevast eigar av landbrukseigedom dersom landbrukseigedommen leiger bort areal til ein produksjon som oppfyller vilkåra for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

 

I Tokke vert desse tiltaka prioritert:

  1. dekke over eksisterande gjødsellager
  2. rydding av gamle kulturbeiter
  3. restaurering av verna/verneverdige bygningar

 

Meir om dei kommunale prioriteringane for bruk av SMIL-midlar 2023-2026 finn du her

Elektronisk søknadsskjema finn du her: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet

 

Ta kontakt med jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland, tlf. 35 07 52 42 eller e-post gunnhild.breiland@tokke.kommune.no dersom du har spørsmål eller om du har eit prosjekt som du vil søkje tilskot til.

 

Vi minner også om desse ordningane for verneverdige bygningar:

Vestfold og Telemark fylkeskommune - Verneverdige kulturminner som ikke er fredet (vtfk.no)

Faste kulturminner - Kulturminnefondet