frå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark:

Ut på tur i sommar? Miljøavdelinga hjå Fylkesmannen gler seg over at så mange tek i bruk den flotte naturen i Vestfold og Telemark. Frå blankskura svaberg og frodig edellauvskog langs kysten til sildrande bekker og nakne vidder på fjellet. Her er det noko for ein kvar smak.

Mellom 4 og 5 prosent av naturen i fylket er verna for komande generasjonar. Det er Fylkesmannen som forvaltar dei fleste verneområda. Innafor verneområda er reglane strengare enn elles.

Men ute i terrenget kan det av og til vere vanskeleg å vite om du er utafor eller innafor eit naturvernområde. Difor har vi laga åtte tips som gjer at du kan drive eit friluftsliv som ikkje set spor, same kor du er.

Uro for slitasje og forstyrring

Vi har sett ein raskt aukande slitasje i verneområda denne våren, seier fagsjef Arne Christian Geving hjå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. Vi får og støtt meldingar om forstyrring av dyrelivet. Vi er rett og slett litt uroa over at denne sommaren, då alle skal feriera i Noreg, kan setje varige spor i naturen. Samtidig er vi særs glade for at så mange oppdagar gledene ved friluftslivet. Vi tenkjer jo at «bruk er det beste vernet». Når folk blir glade i naturen så ønskjer dei og åta vare på han. Difor ønskjer vi å oppmuntre til friluftslivet på ein positiv måte gjennom desse tipsa, avsi uttar Geving.

1.Tenn gjerne bål og grill, men hugs bålforbodet!

Det er bålforbud i skog og mark frå 15. april til 15. september. Men du har lov til å brenna eit kaffebål på grus og sand i vasskanten. Fyr aldri bål eller eingangsgrill rett på svaberg. Nokre verneområde har bålforbod.

2. Gå gjerne i land på øyane i skjergarden, men ikkje alle stader

Vår og sommar er hekketid for sjøfuglane på holmar og skjer. Dei treng ro og fred. Nokre øyar er sjøfuglreservat og er merkt med riksløven. Her er det ikkje lov å gå i land før 15. juli.

3. Ta med deg hunden på tur, men hald han i band

Det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Nokre stader er bandtvangen lenger. Fuglar som hekkar på bakken, dyr som har ungar og husdyr på beite blir redde og stressa av lause hundar.

4.  Opplev naturen til fots og på sykkel, men følg stiane

Følg merka stiar, slik at turen din ikkje fører til slitasje på vegetasjon og forstyrring av dyrelivet. I nokre verneområde er det ikkje lov å gå tur. Sjå kva reglar som gjeld i lovdata.no

5. Plukk gjerne plantar, men berre til eige bruk

Mange haustar av det som spirer og gror, men la det vera nok igjen til at det veks opp like mykje neste år. I mange av verneområda er det forbode å plukka plantar.  Sjå kva reglar som gjeld i lovdata.no

6.  Kos deg på havet, men styr unna flokkar med fugl

Sjøfuglane er under press med store nedgangar i bestandane. Farkostar av alle slag kan stressa dei, særleg når dei skiftar fjærdrakt og ikkje kan fly. Trekk deg tilbake eller vel ei anna rute

7.  Overnatt gjerne i telt eller hengekøye, men ikkje over alt

Du kan telta i utmarka i inntil to døgn viss du er minimum 150 meter unna hus og hytter. Men i verneområda er det ofte forbod mot camping.  Sjå kva reglar som gjeld i lovdata.no

8. Last ned appen Miljøstatus

Med mobilen i lomma og posisjonen aktivert, kan du sjå på kartet om du er innafor eller utafor eit verna område. Velj kartlaget ”naturvernområde”. Du kan klikka deg vidare til reglane som gjeld for verneområdet.