Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg midt i Vest-Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturkvalitetar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, samt eit spennande næringsliv. 

Tokke kommune ynskjer å vere ein god kommune for dei som bur her, dei som kjem på besøk- og for nye innbyggarar. Vårt slagord er «kraft, kompetanse og kultur».

Vår oppgåve er mellom anna å levere gode offentlege tenester, legge til rette for næringsutvikling og gode tilbod for ferie og fritid.

Vi har gratis hustomter og eigne tilskotsordningar for utbetring eller bygging av bustad i spreidd område. I tillegg har vi tilskotsordning for private vass- og kloakkanlegg- og til rasutgreiing.

Vi har låge straumprisar der Tokke kommune garanterer for eit pristak på 38 øre + avgifter, frå 2022.

Vi har full barnehagedekning- og nett no bygger vi ny barnehage i Høydalsmo. Her vert det og opparbeida nytt bustadfelt i 2022.  

I eit levande og konsentrert kommunesenter er det gangavstand til dei fleste funksjonar, og vi har vidaregåande skule med ulike studietilbod.

Her er god plass- og ingen bilkø. Då får ein meir tid til det som er moro.

Det er mykje og vakker natur i Tokke, og det er utvikla eit godt tur- og løypenett – for både vinter- og sommaraktivitetar. Vi har og kommunal utleige av småviltjakt.

Tokke kommune satsar på landbruk, med eigne kommunale tilskotsordningar for dei som vil satse på gardsdrift.

Vi legg til rette for næringsutvikling, med ledige næringsareal, utleige av industribygg og eigne tilskotsordningar. Vi ynskjer ny-etableringar velkomne - og er samstundes opptekne av å ta vare på dei verksemdene som er godt etablert.

Vi satsar på reiseliv, som er ei viktig næring i Tokke, med Telemarkskanalen og vakre Dalen Hotell, flotte museumsanlegg og mange vakre og historiske bygningar

I grendene er det god aktivitet, og vi stør både grendelag og prosjekt som kan føre til auka trivsel, busetnad og næringsutvikling i kommunen.

Tokke kommune er ein del av Vest-Telemark- og i samarbeid med dei andre kommunane i regionen har vi stillingsslepp med mange, spennande jobbar som er ledige- samla på ein stad.  Neste utlysing blir 25.februar 2022.

Vi deltek og i arbeidet med å auke busetnad og aktivitet på ikkje busette eigedomar gjennom Småbruksprosjektet

 

Velkomen til Tokke!

Ta gjerne kontakt med oss direkte –eller sjå meir informasjon på våre heimesider

E-post: post@tokke.kommune.no        

Telefon: 35 07 52 00