Alle innsendte testprøver for covid-19 virus som gjalt helse- og omsorgstenesta og bebuarar på helsesenteret er negative.

Kommunen kan difor opne helsesenteret for besøk att frå og med i dag 22.12 - og med desse reglane:

  • Besøkstid 13 – 14 og 17 – 18 kvar dag.
  • Gjennomfør besøket på rommet – ikkje i fellesarealet.
  • Besøkande må vere friske, registrere seg når ein kjem og nytte munnbind under besøket.

Elles fylgje dei generelle smittevernsreglane med 1 meters avstand og god hoste- og handhygiene.

Med ynskje om ei god og smittefri jol.