Nye nasjonale smitteverntiltak for å behalde kontrollen trer i kraft frå natt til 9 desember.

Les meir her

 

Me har sett nokre få tilfelle av smitte i Tokke dei siste dagane, men kommuneoverlegen si vurdering er at det er god kontroll på situasjonen, og at det ikkje er naudsynt med særskilte tiltak i Tokke ut over å fylgje dei nasjonale råda som gjeld.

Det viktigaste er: (1) å ta vaksine, samt (2) halde seg heime og teste seg viss ein får symptom på luftvegsinfeksjon.

Vidare bør vaksne redusere talet på menneske ein er i nærkontakt med, halde avstand til andre enn dei ein bur saman med til dagleg, og nytte munnbind der det er vanskeleg å halde avstand. Det gjeld særleg i drosje for vår del.

Blir det tett i butikkar eller andre tilsvarande stader i samband med jolehandel/joletrafikk kan det bli ei utfordring med å halde avstand – og då er rådet å nytte munnbind.

Munnbind er særleg til nytte viss du sjølv er smitteførande utan å vere klar over det. Brukar du munnbind reduserar du sjansen for å smitte andre.

Det vil også redusere sjansen for å føre smitte inn i kommunen om du unnlet å reise til område med høgt smittepress – særleg der den nye omikron-varianten av covid-19 spreier seg.

Er du redd for at du kanskje er smitta - eller har symptom på luftvegsinfeksjon, bør du ta ein sjølvtest. Utstyr for sjølvtest kan du hente gratis på Tokke legekontor og Vinje legekontor på dagtid, og på Åheim bufellesskap og på legevakta i Åmot på kveldstid. Testar du positivt skal du og dine nærkontaktar isolere deg og ringe Tokke kommune sin koronatelefon: 903 66 117 og varsle. Då får du råd om kva du skal gjere vidare.

Tokke kommune legg  ikkje lenger ut informasjon om kvart enkelt smittetilfelle, men berre om det gjeld større institusjonar - som til døme skule, barnehage eller sjukeheim, samt større smitteutbrot.