I samband med koronasituasjonen har ein del små verksemder og enkeltpersonforetak hatt stor reduksjon i omsetnad i 2020. Tokke kommune vil kunne tildele kr 15 000 til slike verksemder med forretningsadresse i Tokke frå vårt kommunale næringsfond. I søknaden må det stå litt om verksemda, kva verknader pandemien har hatt for verksemda.

Det må også opplysast om verksemda har motteke offentleg støtte og i så fall kor mykje i løpet av året. Tokke formannskap vil handsame søknadene i eit møte onsdag 16. desember.

 

Søknad sendast til postmottak@tokke.kommune.no innan fredag 11. desember.