Regjeringa har lyst ut 20 mill kr for gje tilskot til å starte opp eit 3-årig prosjekt i 10 kommunar - med det føremål å avhjelpe vanskar som publikum opplever som fylgje av statleg sentralisering og digitalisering.

Når staten sentraliserer tenester der publikum må møte fram personleg, så får dei som bur i distrikta avstandsulemper. Og når tenester vert flytt over på «digitale plattformer» så er det mange som ikkje heng med. Der folk tidlegare kunne møte ein tenesteperson andlet til andlet og få hjelp til utfylling av skjema og anna, møter ein no ein meir eller mindre intuitiv digital verden der ein må prøve å finne ut av ting sjølv. Ringer ein for å få hjelp så møter ein kanskje ein telefonkø.

Tanken med nærtenestesenter er ein stad publikum kan koma og få hjelp av ein fysisk person som er god på data/PC og den digitale verda, og som kjenner godt dei statlege og kommunale digitale tenestane (skjema m.m.). 

Lokalisering vil vere på Dalen, og fleire alternativ er enno til vurdering (kommunehuset, biblioteket, NAV).

I tillegg vil kommunen prøve å få lagt statlege tenester som krev fysisk oppmøte til nærtenestesenteret. Her er teoriprøve til førarkort og ID-kontroll for D-nummer aktuelle døme på statlege tenester som innbyggarar i Tokke må reise til Notodden og Skien for å få gjort.

Det me konkret ynskjer innspel på er kva for problem du eller nokon du kjenner har støtt på som fylgje av offentleg sentralisering og digitalisering – kor er det skoen trykkjer?

 

Innspel kan sendast til sakshandsamar Olav Bjørn Bakken på epost: obb@tokke.kommune.no eller ringe på telefon: 90 05 49 78.