Det vert heimeskule dei tre seiste dagane før jol for elevane ved Tokke skule. ÅVOS er eiga avdeling der drifta går som normalt - det same gjeld Høydalsmo skule.

Avgjersla om heimeskule er ikkje grunna i fare for smitte. Det har vore eit tilfelle der ein elev har testa positivt ved hurtigtest, og enkelte lærerar har blive sett i karantene som nærkontakt. Skulen har difor vanskar med å halde normal og forsvarleg drift grunna mangelfull bemanning. Det vil vere eit tilbod på skulen for elevar i 1. – 7. klasse, primært der føresette har samfunnskritiske oppgåver, men også for andre med særskilde behov. 

Elevar som er på skulen eller sit heime vil få tilnærma like arbeidsoppgåver. 

Skuleskyss går som normalt.

Elevar og føresette ved Tokke skule må framleis vere merksame på symptom på covid-19, og ta ein hurtigtest om ein utviklar symptom. 

Du kan hente hurtigtestar på Åheim bufellesskap.

Ved positiv test, ta kontakt med Tokke kommune sin  coronatelefon: 903 66 117.