Alle som skal trene må ha gyldig treningskort. Treningskort kan du få kjøpt i resepsjonen på kommunehuset.

 

Reglar for trening i Tokkegym:

  1. Ope måndag – fredag kl. 17.30 – 21 for dei som har booka på førehand
  2. Du må booke treningstid på www.tokkenett.no
  3. Du kan booke max ein time per dag
  4. Det er max 5 personar som kan booke tid samstundes
  5. Vakta slepper deg inn i Tokkehallen rett før treningstida di
  6. Bruk handdesinfeksjon når du kjem inn i Tokkehallen
  7. Registrere deg med namn og telefonnummer i protokollen når du kjem inn i Tokkehallen
  8. Du kan ikkje bruke garderobane
  9. Bruk nykkelkortet ditt til å låse deg inn i Tokkegym
  10. Nykkelkortet ditt er personleg og skal ikkje lånast ut til andre
  11. Du skal ikkje sleppe andre inn i Tokkegym
  12. Hald 2 meter avstand til andre når du trenar
  13. Du skal desinfisere alt treningsutstyret du har bruka
  14. Dersom du tek med deg eige treningsutstyr skal dette desinfiserast
  15. Hald god hand, hoste- og nysehygiene
  16. Unngå unødig berøring av kontaktflater
  17. Dersom du er sjuk, eller har luftvegssymptom skal du ikkje bruke Tokkegym
  18. Dersom du ikkje fylgjer reglane til Tokkegym kan du bli bortvist, og nykkelkortet ditt inndrege (treningsavgift vert ikkje refundert)
  19. Tokkegym kan bli stengd på kort varsel dersom reglane ikkje vert følgde, og ved eventuelt nytt smitteutbrot