Utlysing av transportløyve for snøskuter i Tokke kommune perioden 2021-2025 blir lagt ut med fylgjande vilkår:

  1. Søkar må ha organisasjonsnr. Vilkår i forskrifta. Kommunen ser på dette som ei næring. Ein må vera yrkesaktiv/arbeidssøkar for å søkje.
  2. Søkar må bu i Tokke kommune.
  3. Dei som bur lokalt har fortrinn framfor dei i andre delar av kommunen
  4. Det vert bare gjeve eitt løyve pr. organisasjonsnummer.
  5. Det vert gjeve 8 løyve totalt i kommunen
  6. Køyrebok skal sendast kommunen etter kvar sesong, seinast 1. juni. Dersom ein ikkje har hatt køyring 2 år på rad vert løyve trekt inn. Det same gjeld om ein ikkje leverar køyrebok innan fristen.
  7. Namnet og telefonnummer til dei som har løyve vert lagt ut på kommunen si heimeside.
  8. Løyva gjeld fram til 30.04.2025
  9. Søknaden må innehalde grunngjeving på kvifor ein treng transportløyve. Dette gjeld også dei som har hatt løyve tidlegare. Grunngjeving kan bli utslagsgjevande for kven som får løyve.

Søknad sendast til postmottak@tokke.kommune.no innan  15. september. Merk søknaden med 2021/1443