Tokke kommune jobbar med ny reguleringsplan for Dalen sentrum. Målet er at framlegg til reguleringsplan kjem til handsaming og høyring hausten 2023. Det blir med dette varsla om at det vil bli gjennomført arkeologiske undersøkingar innanfor planområde Dalen. Arbeidet har nyleg starta opp og vil halde fram i mai og juni. Eigedomar som ligg innafor planområdet Dalen, kan difor bli ramma av undersøkingar. I fyrste omgang vil det bli gjennomførte synfaringar, overflateregistreringar og prøvestikking. Undersøkingane i utmark vil bestå i overflateregistrering og prøvestikking. Prøvestikking går føre seg ved at det blir grave såkalla prøvestikk med spade (ca. 50 x 50 cm). Prøvestikka blir fylt att etter undersøking. Det kan også bli utførte undersøkingar i/ved enkelte vatn som vil medføre bruk av båt og dykking. I område der det vil vere behov for maskinell sjakting, vil grunneigarar få nærare beskjed før arbeida startar. Kommunen vil ta initiativ til å inngå ein eigen avtale om dette med aktuell grunneigar/ rettshavar. Ansvarleg for dei arkeologiske registreringane og undersøkingane er fylkeskommunen.

 

Det er ynskjeleg at grunneigarar/ forpaktarar som har kjennskap til kulturminne i området informerer oss om dette. Likeeins ynskjer me tilbakemelding på inngrep i grunnen, t.d. om det er planert, fylt på masser, greve ut/skifta ut masser, evt nedgravne kadaver eller andre særskilde forhold. Vi ber om at eventuelle leigetakarar/forpaktarar blir informerte om undersøkingane. Dersom du ikkje tillèt at dei nemnde undersøkingane blir utførte, ber vi deg om å varsle om dette snarast og innan 7. mai 2023. Tilbakemelding om dette skal sendast Tokke kommune, postmottak@tokke.kommune.no.

 

Du har krav på erstatning for dei skadane eller ulemper undersøkingane påfører eigedommen. Vi meiner at undersøkingane er planlagde utført slik at det sannsynlegvis ikkje vil oppstå noko økonomisk tap eller behov for istandsetjing. Er du ueinig i dette, eller dersom du etter at undersøkingane er gjennomførte meiner at det har vore eit tap eller behov for istandsetjing, ber vi om at du snarleg tar kontakt med oss om dette. Dersom vi ikkje blir samde om erstatningsspørsmålet, kan dette avgjerast i skjønn i samsvar med oreigningslova § 19. Dersom du ikkje frivillig aksepterer grunnundersøkingane, gjev oreigningsloven § 4 lovheimel til å utføre grunnundersøkingar i samband med planarbeidet. Det varslast difor om at det om naudsynt kan gjerast vedtak om at undersøkingane skal gjennomførast. Dersom du har innvendingar mot at det kan fattast eit slikt vedtak, kan du skriftleg eller på e-post sende merknadene dine om det til kommunen. 

 

Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å gi tilbakemelding rundt løyve til gjennomføring av undersøkingane, kan du kontakte Tokke kommune v/ Knut Erik Paulsen, tlf 905 28 586, knut.erik.paulsen@tokke.kommune.no
Dersom du ynskjer kontakt med arkeolog frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, som skal utføre dei fysiske arbeida, kan du ta kontakt med: Anne Margrethe Scheffler, 907 55 457, anne.margrethe.Scheffler@vtfk.no.