Me set opp gratis buss frå Tokke:

  • Høydalsmo kl 18.00 frå skulen
  • Dalen kl.18.30 frå Elvarheim.
  • Retur frå Fyresdal kl 21.30

Tor Øystein Gravdal blir med som vaksen.

Påmelding til Tor Øystein på sms til: 975 39 809 innan torsdag 25.aug. kl 14.00

«Fyrstemann til mølla»…men me har 45 plassar, så håpar å få med alle som har lyst!

Fredag 26.aug kl.19.30 avsluttar vi sommaraktivitetane for barn og unge med konsert med Stina Talling og Heux i bryggeparken.

Stina Talling fekk ein stor hit med BlimE!-låten «Mer enn god nok» i 2019. Ho har delteke i Melodi Grand Prix med songa Elevate. Stina har sunget i fleire videoar og gjedd ut låter som I cant’t remeber, Livet nå, Fortid og fremtid, Jada Jada, En rakett til måneland og Nå er det jul på Spotify.

HEUX har markert seg som ein av dei leiande innanfor russebransjen i Norge. Sett bort ifrå å vere lillebroren til TIX, har han sjølv delt scene med fleire store artister som Justin Bieber, Martin Garrix, The Chainsmokers, Alan Walker, og Broiler for å nevne nokon. Med million-streamere som Shock, Watchmen, Ted, Hakkebakkeskogen og Tronen, kan HEUX garantere eit forrykande liveshow!

Konserten er gratis for barn og unge opp til 18 år, andre må vippse 100 kr til Fyresdal kommune, vipps nr. 537948, merk sommeraktivitet. Som må visast fram ved inngang.

Dørene åpner kl.18.30.

Håper å sjå mange denne kvelden!