I samband med Tokke kommune si satsing på førebyggande arbeid vart det i fjor oppretta eit prosjekt som heiter «Frå haldning til handling». Førebygging kring born og unge handlar fyrst og fremst om å legge til rette for eit godt oppvekstmiljø for alle, og her er frivillige grupper, lag og organisasjonar viktige støttespelarar og positive krefter. Vi ynskjer å kome i  kontakt med dykk frivillige og inviterer til dialogmøte.  

 

Tema for kvelden blir: Haldningar til risikofylt åtferd og førebygging av uønskte hendingar.  

 

Spørsmål de kan tenkje over i forkant av møtet:  

Kva hindringar står i vegen for at dei gode haldningane blir omgjort til gode handlingar? 

Korleis kan mi gruppe bidrage inn i det førebyggande arbeidet?  

 

Tidspunkt for møta er:  

28.11.2022: Høydalsmo samfunnshus kl. 19.00 

29.11.2022: Åmdals verk samfunnshus kl. 19.00 

06.12.2022: Tokke kulturhus, Gullbjørgsalen, kl. 19.00  

 

Vi gledar oss til å høyre mange gode innspel.  

 

Mvh. arbeidsgruppa i «Frå haldning til handling».