Viktig informasjon om avgrensa kapasitet - landbrukstilskot

Vikar på jordbruksområdet, Åse Ingebjørg Flateland, vil vere vekk i ein periode frå 16. oktober. Dette går ut over Tokke kommune sin kapasitet til å følgje opp m.a. tilskotsordningar innan jordbruk. Ved behov for bistand og hjelp kring tilskotsordningar kan landbrukssjef Gunnhild Breiland kontaktast. De må då sende e-post gunnhild.breiland@tokke.kommune.no eller sms til 926 10 824, så tek ho kontakt når ho har tid. Skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa tek framleis lovsaker i perioden medan Gunnhild Breiland har permisjon, dvs konsesjonssaker, deling, m.m.

Me håpar på forståing for situasjonen og ber om at spørsmål og saker som ikkje hastar, kan vente til me er attende i ein meir normal situasjon. Ved andre spørsmål, tak kontakt med kommunalsjef Gunhild Austjord på tlf 350 75 200.