Vi gjer merksam på at avfallsdunkane skal stå maks 10 m frå stoppepunktet til renovasjonsbilen hentedagen. Frå 10- 25 m blir det eit tilleggsgebyr på kr. 3.079,- inkl.- mva pr. år. Dersom dette skulle vera aktuelt, ta kontakt med kommunen du bur i.

Avfallsdunkane skal plasserast lett tilgjengeleg på eit plant og fast underlag på bakkenivå. Dunkane skal ikkje stå innanfor port eller i garasje/kjellarar hentedagen.

I periodar med is og snø må tilkomstveg og hentestad vera rydda for snø og strøydd.

Alle abonnentar som inngår i lovpålagt kommunal avfallsordning, skal kjeldesortere avfallet sitt.

Takk for at du kjeldesorterer.