Det er Domstolsloven kap 4 som regulerar dette, og kommunen skal oppmode ålmenta om å koma med forslag.

Du må gjerne foreslå deg sjølv eller andre du tenkjer vil vere dugande til oppgåva. Det er eit prinsipp i lovverket at ein tiltalt skal dømast av sine likemenn.
Den som har vore meddomar samanhengande i to periodar (8 år), kan be om fritak frå ny periode.

Tokke skal velje slik:

  1. Til Tingretten i Kviteseid skal det veljast 7 kvinner og 7 menn.
    Ein ynskjer at meddomarkorpset speglar befolkninga med ei allsidig samansetning i alder, etnisk bakgrunn og kultur, men må likevel ha gode nok norskkunnskaper til å kunne fylgje med i rettsforhandlingane.
    Valbare er elles dugande personar busett i Tokke som er mellom 21 år og 70 år, dvs født etter 31.des 1950 og før 1.jan 2000.
  2. Til Lagretten i Skien skal det veljast 2 kvinner og 2 menn frå Tokke, og ingen av desse kan samstundes vere meddomar i Tingretten.
    Dei same krav til meddomarane som over.
  3. Til Jordskifteretten i Kviteseid skal det veljast 3 kvinner og 3 menn frå Tokke.
    Dei same krav til meddomarane som pkt. 1, men ein bør ta omsyn til at meddomarane må delta på synfaringar og må kunne ferdast i terrenget.
  4. Som skjønnsmedlemer skal det veljast dugande personar med kompetanse innan eitt eller fleire av fylgjande område som vert handsama i skjønn:
  • Jord- og skogbruk
  • Anleggsverksemd
  • Taksering av fast eigedom
  • Rekneskap og revisjon
  • Eigedomsmekling.

Det er ingen øvre aldergrense for skjønnsmedlemer, og det er heller ikkje krav om like mange kvinner som menn.
Kommunestyret skal nominere minst 5 personar (helst 6), og det er Fylkestinget i Vestfold og Telemark som gjer det formelle valet.

Du kan lese meir om kva det inneber å vere meddomar her.

Du kan lese meir om Jordskifteretten her.

Om du kunne tenkje deg ei slik oppgåve eller kjenner nokon som kunne duge så meld inn til Tokke kommune innan 1.mai 2020.04.16 

Tak med fullt namn, adresse, fødselsdato, yrke og stilling, samt telefonnummer viss mogleg.