Jobben som badevakt handlar om å ta vare på tryggleiken for gjestene våre og passe på at dei fylgjer reglane som gjeld for basseng og garderobeområdet.  

Arbeidstid:

Tokkebadet er opent alle vekedagar kl. 17.00-20.00 og laurdag frå kl. 11.00-15.00. Det er alltid to badevakter på jobb. Arbeidstida for badevakt fylgjer vaktplan og varierer mellom ettermiddag-/kvelds og helgevakter. Badevakta  har arbeidstid frå 16.45 til 20.15  Arbeidstid pr. vakt blir då 3,5 timar. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Passe på våre gjester inne i badeområdet 
  • Vere med  å bidra til at alle gjestene får ei god brukaroppleving
  • Betjene resepsjon/kasse( kontrollere vippsinnbetaling) 

Formelle krav: 

  • Du må vere trygg og tydeleg 
  • Som badevakt ser vi etter ansvarsfulle og symjedyktige personar over 16 år. 
  • Du må delta på symje- og livredningskurs  

NB! Grenland symje- og livredningsforbund skal ha eit kurs i Seljord 1. mars om du har moglegheit til det. Elles blir det kursstart til hausten. 

Ta kontakt med: Hilde Øyane tlf. 35 07 52 29, epost: hilde.oyane@tokke.kommune.no