Nærings- og samfunnsutviklar Åse Ingebjørg Flateland blir vekk frå arbeid i 4 – 8 veker. I denne perioden kjem Vibeke Beisland til å vere vikar på søknader som gjeld næringstøtte etter Covid 19 – tiltakspakke. Frist for å søkje er 1. november. Les meir informasjon om den her:

Kommunalt næringsfond - Covid 19

Vibeke er på jobb i Tokke kommune onsdag og torsdag, samt annankvar fredag (oddetallsveker).

Ved spørsmål kring andre næringssaker, ta kontakt med kommunalsjef Gunhild Austjord på tlf 350 75 200.